fjordtindhotels

Julebord i Hardanger

På hotella våre kan du feire avslutninga på året omkransa av fjord og fjell, spanande opplevingar, nydeleg mat og levande musikk.

Bestill julebord Hotella

Kortreist mat frå
lokale gardar

Tradisjonsrik, handlaga og kortreist. Julematen me serverar er laga på fantastiske råvarer frå lokale gardar og verksemder som set kvalitet i høgsetet. Kjøtet tek gjerne turen innom eldhuset vårt før det vert tatt godt i mot på kjøkkena våre og foredla til deilig, tradisjonsrik julemat.

Skreddarsydde
opplevingar

Vi skreddarsyr opphaldet ditt enten du vil lene deg tilbake med eit glas sider og nyte utsikta eller vil ut og kjenne vinden i andletet medan du rasar over fjorden i 40 knop.

Vi hjelper deg med å gjere julebordet ditt til ei oppleving. Høyr gjerne med oss for kva du og dine kan finne på, så hjelp vi deg med å utforme opplevinga.

Gardsbesøk med omvising, lunsj og sidersmaking

Lagbyggingsaktivitetar

Ribbåttur på Hardangerfjorden

Badestamp og sauna

Massasje og velværebehandlingar

Levande musikk

Museumsbesøk

Og mykje meir…

Hotella

Uansett kva hotell du veljer gjer vi vårt beste for at julebordet ditt skal verta heilt spesielt. Hotella byr på ulike opplevingar og aktivitetar, men på alle kan du stå opp til magisk utsikt til fjell og fjord. Vi hjelp deg sjølvsagt med å arrangere transport ved behov.

Brakanes Hotel

Ulvik, Hardanger

Ulvik er medlem av Cittaslow og er, som dei andre hotella, omkransa av majestetiske fjell og djup fjord. Her kan du utforske siderruta, slappe av i badestampen med utsikt over fjorden, eller, om du er typen, sveitte frå deg i saunaen før du hoppar uti fjorden.

+ Prisar

Overnatting 

Pris per dobbeltrom med fjordutsikt, per natt inkl frukost: Kr 2.300,-
Pris per enkeltrom med fjordutsikt, per natt inkl frukost: Kr 1.800,-

Me kan også tilby rom av ein enklare standard på hotellets bakside. Desse romma har ikkje fjordutsikt og har heller ikkje blitt pussa opp. Romprisen per rom per natt reduserast då med kr. 500,-.

Jolebord   

Fjordtinds 3-rettars servert julemiddag inkl dessertbord: Kr 895,-
Om de ynskjer få desserten servert i staden for dessertbord, sei berre til.

Vøringfoss Hotel

Eidfjord, Hardanger

I idylliske Eidfjord, ikkje langt frå sjølvaste Vøringfossen, ligg Vøringfoss Hotel ved fjordkanten. Her kan du koble ut med velværebehandlingar, spise lokal sjokolade frå Fjåk og is frå Dolce Vidda, og sjølvsagt: besøke sidergardane for smaking og omvising.

+ Prisar

Overnatting og julebord

Kr 1 795,- per person i dobbeltrom, inkludert overnatting, julebuffet og frukost.

Julebord   

Kr 735,- for julebuffet

Hardangerfjord Hotel

Øystese, Hardanger

I sjøkanten i Øystese ligg det nyoppussa hotellet med Hardangerbadet som næraste nabo der du kjem inn gratis som gjest på hotellet. Ypparleg for deg som likar å ta deg ein dukkert, men tenkjer at fjorden vert litt for kald. Med næraste sidergard kun eit godt steinkast unna, ligg alt til rette for eit innhaldsrikt julebord.

+ Prisar

Overnatting og julebord

Overnatting enkeltrom kr 1375,- / dobbeltrom kr 1950,-

Julebord og underholdning 

Kr 885,- for julebuffet inkl. underholdning
(uten underholdning kr 735,-)

Opplev eit julebord
utanom det vanlege

Fyll inn skjemaet, så kjem vi tilbake til deg så fort som råd.

    Velg hotel Hardangerfjord HotelBrakanes HotelVøringfoss HotelFå anbefaling basert på behov